Valdres Katolske Forum (arkiv for 2007)

Valdres katolske forum er eit lag med eige styre som arbeider for å gje eit religiøst tilbod og byggje opp eit katolsk miljø i Valdres-regionen - for katolikkar og andre interesserte. Forumet byggjer på Den katolske kyrkja si tru, lære og tradisjon - med basis i Bibelen og katekisma for Den katolske kyrkja. Forumet er tilslutta Norske kirkeakademier.

Kontaktperson (fra 11. august 2007): Laila Kaprud Kollum Adresse  Hedmarksgt. 10 d, 0658 Oslo Telefon  22 68 80 09/90 16 43 68

Styret i forumet

Valgt 11. august 2007:

  • Laila Kaprud Kollum (leiar), Oslo
  • Per Kværne, Oslo
  • Trine Lundstein, Etnedal
  • Inger-Marie Jonsrud, Fagernes (vara)
  • Åse Skjerdal, Oslo (vara)

Historie

Valdres katolske forum (VKF) vart stifta i 2001, og har heilt sidan starten vore medlem av Norske Kirkeakademier, noko som har sikra det økonomiske driftsgrunnlaget.

Valdres katolske forum har fram til 15. august 2007 hatt eit styre på fem personar og med tre varamenn, som i stor grad har vore møtande og deltakande i drifta. Forumet har hatt eigne vedtekter som gjev det ei katolsk forankring, men forumet har har heile vegen hatt ein kulturopen og økumenisk profil, og har heilt sidan starte hatt katolsk interesserte lutheranarar med i styret.

VKF har arrangert om lag seks foredrag pr. år - takka vera den økonomiske støtta frå Norske Kirkeakademier. I tillegg har forumet etter kvart også stabla på føtene katolsk messefeiring om lag ein gong i månaden. Denne aktiviteten har vore styrd av VKF i samråd med soknepresten på Hønefoss. Han har fleira dei fleste messene i Valdres, men VKF har også i stor grad henta inn prestar utanfrå, ikkje minst frå dominikanarane i Oslo.

Leiaren i VKF har teke opp spørsmålet om å få utarbeidd nynorsk liturgi for den katolske kyrkja med biskopen. Dette har resultert i at biskop Bernt har nedsett ein nynorskkomité, som våren 2007 starta arbeidet med å omsetja liturgien.

Likeins har VKF stilt biskopen spørsmål om det er behov for eit katolsk knoppskytingsprosjekt for område langt frå soknekyrkjene. Dette initiativet har resultert i at biskop Bernt i slutten av august 2007 held eit dagseminar for «utkantkatolikkar».

VKF har til no hatt base i servicebygget på eit eldresenter, Vikatunet, på Fagernes. Dette er eigentleg ein kafé. Det er ikkje eit vigsla rom, men har etter vårt syn vore eit veldig greitt, sentralt og rimeleg lokale, ikkje minst i forhold til kyrkjekaffe og foredrag. Sidan gruppa med personar som har vore katolsk interesserte og aktive, har vore lita i Valdres, har den sosiale sida - med venskaps- og relasjonsbygging - vore viktig. I to perioder har VKF hatt ei lita rosenkransgruppe i sving.

VKF leiger og låner også lutherske kyrkjer til sin aktivitet. Særleg i Vang har vi ofte lånt kyrkje for å ha katolsk messe i samband med dei mange innvandrarar og asylsøkjarar der. Forumet har dei siste åra hatt tre faste, årlege messer utanfor Vikatunet: Palmesundag i det økumeniske kapellet på Beitostølen Helsesportsenter, andre sundag i juli i den økumeniske kyrkja, St. Tomas, på Filefjell og ein laurdag tidleg i august i Reinli stavkyrkje.

VKF utarbeider to program for aktiviteten per år, for vår- og haustsemesteret. Dette blir sendt til katolikkar i Valdres, og til andre som har meldt seg for å stå på vår adresseliste.

Valdres katolske forum har ikkje operert med medlemmer eller medlemskontingent. Dette har forumet meint er viktig - for ikkje å utelukke folk via kontingentar og medlemskap. Forumet fører saman med soknet og OKB ei oppdatert liste over fastbuande katolikkar, og sender programmet i tillegg tildei som står på vår adresseliste.

VKF har drive økonomisk sjølvstendig utan tilskot frå Den katolske kyrkja. Soknepresten frå Hønefoss har kome for eiga økonomisk maskin, men elles har drifta i Valdres hatt sitt økonomiske grunnlag i tilskota frå Norske Kirkeakademier, kaffesal, inngangsbillettar ved foredrag og kollekt under messene.

I 2007 er det rundt 95 fastbuande katolikkar i dei seks Valdres-kommunane. Medlemstyngda ligg nord for Fagernes, og Vang er vår største kommune med 28 fastbuande katolikkar. Det er asylmottak i Vang og Røn, med sterkt varierande tal på katolske asylsøkjarar. I mange år har det vore flest katolikkar ved mottaket i Vang, medan det i 2007 er flest i Røn. Dei treng pastorale tilbod, som VKF har prøvd å hjelpe til med. Forumet har hatt ein eigen transportkonto, baset på gåver, som delvis har subsidiert buss- og drosjebillettar for asylsøkjarane når dei ville koma til messer.

Katolikkane i Valdres fordeler seg i august 2007 med 28 i Vang, 24 i Øystre Slidre, 23 i Nord-Aurdal, 10 i Vestre Slidre, seks i Sør-Aurdal og to i Etnedal. Fordelt etter etnisk bakgrunn, er om lag 34 frå Sør-Amerika, 33 frå Europa (derav 23 frå Norge og åtte frå Polen), 14 frå Afrika og 11 frå Asia.

Med opprettinga av Valdres som kapelldistrikt 15. august 2007, blir aktiviteten til Valdres katolske forum endra, og vil bli konsentrert rundt foredragsverksemda. VKF held fram som eit lag tilslutta Norske Kirkeakademier, og i nært samarbeid med kapelldistriktsstyret for Valdres.


Program haust 2007

Valdres katolske forum legg opp til å feire messe i Valdres om lag ein gong i månaden - i hovudsak andre fredag i kvar månad, men med nokre unntak. Blir det endringar, vil det gå fram av gudstenestelista i lokalavisa.

25. november kl. 17.00 på Vikatunet, Fagernes
Etter messen held soknerådaformannen i St. Paul i Bergen, Birgith Haugen Kalve, i regi av Valdres katolske forum foredraget «Kvinners autoritet i Den katolske kirke».

Vi sender ut vårt vanlege haustprogram til dei som står på vår adresseliste. Står du ikkje på den, men ynskjer det? Meld i så fall frå på e-post valdreskatolskeforum(at)hotmail(dot)com så kjem du inn på adresselista og får informasjon om den katolske aktiviteten i Valdres tilsendt.

Velkomen!

Se også arkivet for 2006.

av Webmaster publisert 02.01.2008, sist endret 02.01.2008 - 15:36