Fire jubilantar vart heidra

 

Unknown-1.jpgI samarbeid med klosterbrørne skipa St. Dominikus klosters venneforening til ein stor hagefest den 24. mai 2018. Det var ei samla bursdagsfeiring for fire av brørne med runde dagar denne våren: Ellert Dahl, Gerard-Marie Ketterer, Joseph Mulvin og Jon Atle Wetaas.

 

Tekst: Haldor Slettebø
Foto: Vigdis Glømmen 

 

Dei fire jubilantane vart heidra med bursdagssong, milde gåver og varme ord. Den velstelte hagen kom til sin rett i den fagre maidagen. Før hageselskapet var det pontifikalmesse i den fullsette kyrkja. I festpreika kunne biskop Bernt fortelja at klosteret alltid hadde hatt ein stor plass i hjarta hans sidan han konverterte der i 1977.

Den gongen hadde han fått rettleiding av av pater Dahl som var tildelt eit serskilt ansvar for konservative konvertittar. Gåva til klosteret frå biskopen og kyrkjelyden var daglege og sterke forbøner om fleire kall til St. Dominikus kloster.

 

Unknown-2.jpg

Hjarteleg og god

Elles fekk kyrkjelyden beste karakter frå organist Åse Skjerdal: Dei song i særklasse - samstemt, hjarteleg og godt, og i "Store Gud, vi lover deg" til slutt, var det som alt samla seg i ei høgare eining; sjeldan har eg høyrt rommet fylle seg så fint med varme og takk!

 
Heyerdahls festtale

Etter mingling i hagen og aperitif med noko attåt heldt Nils Heyerdahl festtalen for klosteret og for jubilantane. Han trekte fram kor viktige brørne i klosteret hadde vore, og er – for interesserte enkeltmenneske og for eit folk som treng katolske impulsar.
Heyerdahl avslutta talen med eit sitat frå Asbjørn Aarnes: «Eg visste ikkje då – og eg veit det ikkje enno – kva heilag tyder,
men då eg møtte dominikanerpateren Marie-Gabriel Vanneufville, fall ordet meg på tunga. Det kom ein spaklyndt varme frå augo hans som ikkje kunne vere noko anna enn heilag. Andletet opna ei dør og baud velkomen.»

Venneforeningen og brørne kunne gleda seg over eit vellukka arrangement. Foreningen har i dag kring 130 medlemer, men det er plass til fleire. Meld deg inn via nettsidene på klostervenner.no.

 

Eit feststev 

Fire brør rundar år i vår

Kyrkjeklokkor kling i tårnet
Bernt les bispemessa si
Signar alle sokneborni
I ei heilag pinsetid:

De er greinene på treet
Livsens tre som grønt og sterkt
Veks ut yver heile jordi
For å gjera Kristi verk

 Fire brør i klosterhagen
Vil me heidra her i dag
60-70-80-90 år
Rundar dei i festleg lag

Ellert, Joseph og Jon Atle
Og Gerard-Marie Ketterer
Herrens signing og til lukka
Ynskjer me frå alle her!

 

Til lukka med dagen!

 

Frå St. Dominikus klosters venneforening, 

St. Dominikus kloster 24. mai 2018
 

Les og se mer