Caritas held fram arbeidet i Irak

Caritas er ein av få humanitære organisasjonar som framleis er i verksemd i det krigsherja Irak for å letta tilhøva til sivilbefolkninga.

Vatikan-baserte Caritas International, ein paraplyorganisasjon for 162 katolske hjelpe- og utviklingsorganisasjonar, gjennomførte fredag førre veka eit møte med ein del av medlemsorganisasjonane for å diskutera arbeidet i Irak.

Caritas informerte om at mange av dei prosjekta som medlemsorganisasjonane driv i Irak har som formål å forbetre befolkningas tilgang til helsetenester og medisinar.

Mange hjelpeorganisasjonar har sett seg tvungne til å forlate Irak som fylgje av at tryggingssituasjonen har forverra seg gjennom dei siste 18 månadene.

Caritas Irak har derimot vald å bli verande i landet og har haldt liv i eit helseprogram retta inn mot mindre born og mødrene deira. Dette programmet vart starta opp allereie i år 2000, tre år før den amerikanske invasjonen. Programmet gjev matvarer til underernærte born i alderen 0-8 år samt til gravide kvinner. Caritas Irak driv totalt 18 klinikkar i landet; av desse ligg 7 i Bagdad. I tillegg driv Iraks Raude Halvmåne tilsvarande klinikkar i landet.

ZEN - Zenit (23. mars 2006)

av Webmaster publisert 23.03.2006, sist endret 23.03.2006 - 16:05