Paven spaserte i hagen med broren sin

Pavens bror Georg Ratzinger var i dag ein av gjestane under pavens lunsj i byen Altötting. I fylgje biskopen av Passau, Wilhelm Schraml, skal paven etter lunsjen ha sagt til broren sin:

"Lat oss spasera litt saman i hagen".

Biskop Schraml kom med denne opplysninga i eit intervju med "Bayrischen Rundfunk".

På onsdag skal paven og broren hans ha ein "privat dag" i lag i Pentling, som er ein liten forstad til Regensburg. I Pentling eig paven eit hus. Til dags dato skal paven vere folkeregistrert på adressa til dette huset.

Kathpress, 11. september 2006 (11. september 2006)