Paven hjarteleg motteken av menneskemengda i München

Det var eit høgdepunkt under laurdagens program i München då pave Benedikt XVI, forbundskanslar Angela Merkel og den frammøtte menneskemengda stemte i Bayerns "nasjonalhymne" på "Marienplatz" i sentrum av München. Ein kabarettist frå München kommenterte det heile slik: "Eg set pris på at paven også i Roma har forblitt bayersk." Dette kunne det då heller ikkje herske nokon tvil om på laurdag.

Då Joseph Ratzinger i 1982 tok avskjed frå stillinga som erkebiskop i München-Freising for å ta over stillinga som sjef for Troskongregasjonen i Vatikanet, gjorde han dette ved å be ei bøn ved Maria-søyla i byen. På same plassen markerte paven på laurdag oppstarten på ei seksdagars reise gjennom Bayern. Paven sa at denne reisa rørte han kjenslemessig. Paven samanlikna seg sjølv med bjørnen til Münchens skytshelgen, St. Korbinian, som hadde vorte lauslaten frå fangenskap i Roma, på fylgjande vis: "I mitt tilfelle har Herren valt å gjera det annleis", noko som fekk latteren fram hjå dei frammøtte.

Det var lett å sjå at paven sette stor pris på den varme velkomsten i München, ikkje minst då han møtte blikket til frammøtte nonner og til folk frå Rimsting, Pentling og Traunstein. Mange hadde møtt fram med Bayerns blå-kvite flagg og med store plakatar som ynska paven velkomen. Ein opprømt pave klappa ein liten gut frå heimbyen Marktl am Inn på hovudet, applauderte spillinga til blåseorkesteret og smilte til folkemengda.

Meir enn 100.000 personar jubla mot paven då han drog gjennom sentrum av München i papamobil. Då papamobilen kom inn på Marienplatz, brøyt det ut stormande applaus.

Paven si oppfordring til Bayerns befolkning var klar; den einskilde burde sjå det som si oppgåve å bringe den kristne tru og dei kristne verdiar vidare til nye generasjonar.

Kathpress, 10. september 2006 (12. september 2006)