Paven glad for at den offisielle dialog mellom Roma og Den ortodokse kyrkja vert teken opp att

Paven deltok tysdag kveld på ei økumenisk vesper i domkyrkja i Regensburg, og la ved dette høve vekt på kor viktig det er at kristne finn attende til einskap. "For at verda skal tru, må me vere eitt; alvoret bak dette oppdraget må prege vår dialog med kvarandre," sa paven. Pave Benedikt XVI la spesiell vekt på at den offisielle dialogen mellom Roma og Den ortodokse kyrkja på verdsbasis no vert teken opp att. Dialogen startar opp i Beograd den 18. september. Den teologiske dialogen vil konsentrere seg om det sentrale temaet "koinonia" eller "fellesskapen".

Paven nemnde også læredokumentet som markerer semje mellom Roma og den evangelisk-lutherske kyrkja i rettferdiggjeringslæra. I ettertid har også den metodistiske kyrkja slutta seg til dette dokumentet.

I samband med dette minna paven om at det moderne mennesket ofte er framand for den realiteten at "Gud er den einaste som kan overvinne synd." Paven peika på at rettferdiggjeringa er eit viktig tema i teologien, men likevel knapt nok til stades i livet til dei truande. Paven synte til korleis den manglande vektlegginga av synd og syndstilgjeving har medført ei svekking av mennesket sitt forhold til Gud. For alle kristne er det difor "aller første oppgåve" på ny å gje "Den levande Gud plass i sine liv," poengterte paven.

Paven synte også til at han medan han var professor i Bonn hadde vorte kjent med to unge arkimandrittar; Stylianos Harkianakis og Damaskinos Papandreou. Begge desse to skulle seinare kome til å få ansvarsfulle posisjonar i Den ortodokse kyrkja. Paven la også vekt på sin venskapelege kontakt med "folk tilhøyrande ulike tradisjonar med utspring i reformasjonen."

Kathpress, 13. september 2006 (14. september 2006)

av Webmaster publisert 14.09.2006, sist endret 14.09.2006 - 18:24