Studentpresten i Oslo er engelskmann og Fosse-fan

cropped-IMG_3705 (1).jpg

I SITT RETTE ELEMENT: P. Peter held føredrag for studentar og unge vaksne i Granstua i Akersveien 6. Foto: Marie Foss

 

– Eg elskar Fosse sitt arbeid, seier den engelske Opus Dei-presten med ti års erfaring frå studentarbeid i Skottland som nyleg har fått ansvar for katolske studentar i Oslo. Trass i alle prestasjonane hans, inkludert to doktorgradar, framstår p. Peter Damian-Grint som ein jordnær og imøtekomande person.

 

Tekst: Øyvind Johannes Vardenær Evenstad

 

Kanskje har du sett han i Akersveien i Oslo, eller på messe i St. Olav domkyrkje? Frå midten av september 2023 er Peter Damian-Grint ny studentprest i Oslo katolske bispedømme. Han tilhøyrer prelaturet Opus Dei («Guds verk») og har ansvar for regionen Nordvest-Europa i organisasjonen deira. Han bur til vanleg i Glasgow i Skottland, men reiser til Oslo éin gong i månaden.

 

 AKADEMISK BAKGRUNN: P. Peter er heime i bøkenes verden. Foto: privat

Studentpresten på andre sida av havetportrait1 Sept 2023.jpg

– Korleis går det med studentarbeidet så langt?

– Eg har nettopp byrja, så vi får sjå korleis ting utviklar seg. Mykje av arbeidet mitt er åndeleg rettleiing og rådgiving, som eg finn svært givande. Planen er at eg skal dra til Blindern og møte studentar der i år. Eg ser fram til det!

P. Peter har hjulpe til i den katolske studentpresttenesta ved universitetet i Glasgow dei siste ti åra, så han har litt erfaring med studentar. Han har også sjølv ein akademisk bakgrunn med doktorgrad i fransk mellomalderlitteratur, har publisert akademiske artiklar og undervist ved universitetet i Oxford. Men det var ikkje difor han kom til Noreg til å byrja med.

– Kva gjer eigentleg ein prest frå Storbritannia i Noreg kvar månad?

– Det går tilbake til Opus Dei sitt arbeid i Noreg og deira forpliktelse til å gje pastoral omsorg og formasjon til medlemmane så langt det er mogleg. Dette tek vi ganske alvorleg! Det er ingen Opus Dei-senter i Noreg, så folk må kome frå andre stader for å ta seg av medlemmane. Tidlegare kom ein prest frå Sverige kvar månad, saman med legfolk. Legfolket fortset å kome frå Sverige, men no er eg presten.

P. Peter opplyser om at det førebels berre er nokre få Opus Dei-medlemmar i Noreg, hovudsakleg i og rundt Oslo. I tillegg til månedlege refleksjonar i Oslo tilbyr han retrettar og formasjonsundervisning. Han reiser også på besøk til andre stader i Noreg.

 

NÆR VÅR FRUE: P. Peter i Opus Dei-huset i Glasgow. Foto: privat

Ein tenar for Guds verkIMG-20231223-WA0005.jpg

Ei god oppsummering av Opus Dei sin spiritualitet er å leva vanlege liv på ein ekstraordinær måte, seier p. Peter – samstundes som han påpeikar at dette gjeld for mange menneske, ikkje berre medlemmar av Opus Dei. Han forklarer vidare at det er ulike måtar å leva Opus Dei sitt kall på:

– Då eg blei med, bestemte eg meg for å leve eit liv i sølibat for å være meir tilgjengeleg for det apostoliske arbeidet. Faktisk skreiv eg til leiaren for Opus Dei for å seie at eg var villig til å gå vidare til presteteneste. Eg tilbrakte mange år med å studere og jobbe i forlag og som akademikar. Moglegheita for presteteneste var alltid der, men i bakgrunnen. Faktisk hadde eg nesten gløymt det då eg vart spurt om eg no var villig til å dra til Roma for å studere til å bli prest.

– Du har budd i Skottland siden du vart prest, og no er du ofte i Noreg. Kva skilnader (og likheiter) ser du mellom katolikkane i dei to landa?

– Den katolske kyrkja er mykje større i Skottland enn i Noreg, sjølv om ho framleis er ein tydeleg minoritet. Ho er meir organisert og utvikla, men kyrkja i Noreg ser ut til å vera yngre, meir utadvendt og livfull. Eg ser på begge stadene ei sterk kjensle av katolsk identitet, djupt forankra folkeleg fromheit og eit meir internasjonalt katolsk fellesskap enn den generelle befolkninga (i Skottland er det særleg folk av irsk, italiensk og polsk avstamming).

 

Ivrar for å lese på nynorsk

– Du forstår norsk og kan snakke det litt. Korleis gjekk du fram med å lære det?

– Eg studerte det kort (i eitt år) som eit valfag for den første graden min, og gløymde deretter det meste eg hadde lært. Av ein eller annan grunn var forelesaren min ein nynorskentusiast, så då var det nynorsk eg lærte. No les eg så mykje eg kan, både på nynorsk og bokmål, og eg lyttar til nyheiter og anna på norsk. Men eg har aldri nok tid til det.

Dette er forklaringa på at denne saka er skriven på nynorsk, både spørsmåla og svara. No som vi har ein nobelprisvinnar som er både nynorskbrukar og katolikk, har p. Peter fått enda ein stor grunn til å lese norske bøker. Men han var slett ikkje framand for Jon Fosse før prisutdelinga i fjor.

 

«Eg har lese Kvitleik og les no Septologien. Eg har òg Trilogien, som eg ser fram til å lese. Alt dette på norsk, sjølvsagt, sjølv om det går sakte.»

 

– Eg elskar Fosse sitt arbeid, sjølv om eg er usikker på kor mykje eg forstår sidan norsken min framleis er veldig mangelfull. Eg har lese Kvitleik og les no Septologien. Eg har òg Trilogien, som eg ser fram til å lese. Alt dette på norsk, sjølvsagt, sjølv om det går sakte. Eg synest intervjuboka hans, Mysteriet i trua (som eg òg les), er fascinerande; særleg det han seier om det kontemplative livet, som er eit felt av særleg interesse for meg – doktorgraden min i Roma var innanfor spiritualteologi.

Den engasjerte studentpresten avsluttar med å seie at han gjerne skulle hatt ein samtale med Fosse om interessa hans for den mellomalderlege mystikaren Meister Eckhart, og kanskje også om andre mystikarar frå same tidsperiode. Engasjementet smittar lett, og kjem truleg til å inspirere ein og annan student i tida som kjem. 

P. Peter kjem til Oslo i dagane rundt tredje fredag i månaden. Viss du vil ha informasjon om arrangement for studentar, kan du bli med i Facebook-gruppa «Unge voksne katolikker i Oslo-området». Det er også mogleg å ta kontakt med han direkte (kontaktinformasjon står i biografien på katolsk.no som vert lenka til under).

 

cropped-20231216_145515.jpg

STOPP I AKERSVEIEN: P. Peter er glad i å slå av ein prat. Foto: Øyvind J.V. Evenstad 

 

Biografi: Peter Damian-Grint

  • Født i London i 1964.
  • Sluttet seg til Opus Dei i 1981, med livsvarig innlemmelse 24. mai 1986.
  • Studerte fransk språk og litteratur ved University of London 1983. Mottok PhD i 1994 i gammelfransk litteratur (Anglo-Norman historiography), ved Birkbeck College, University of London.
  • Arbeidet i perioden 1994–2010 som veileder i gammelfransk ved University of Oxford, i tillegg til oppgaver innen publisering av akademisk materiale.
  • Doktorgrad i spirituell teologi (S.T.D.) ved Pontifical University of the Holy Cross, Roma i 2014.
  • Diakonviet den 3. november 2012 i Basilica San Eugenio i Roma, og presteviet samme sted den 4. mai 2013 av biskop Javier Echevarría, Opus Deis prelat.
  • Innsatt som Missionary of Mercy 10. februar 2016, med permanent utnevnelse 21. november samme år.
  • Fra 2020 dekan ved Opus Deis Studium Generale for regionen Storbritannia, fra 2023 ved regionen Nordvest-Europa.
  • 15. september 2023: Utnevnt til studentprest i Oslo katolske bispedømme.

 

 

Les mer