Olavsarven – kraft eller klisjé?

Av p. Arnfinn Haram OP. Trykt i St. Olav kirkeblad nr. 3/2011. Opprinnelig et foredrag holdt i St. Olav menighet i Trondheim ved olsokfeiringen 2010, noe bearbeidet.

Olav den helligeDet er gledelig å sjå at Heilag Olav feirast både av katolikkar og protestantar og at den nasjonale olsokfeiringa tiltek og stadig vert meir variert. Men er Olavsarven i dag ein reell kraft for oss – eller er han blitt ein klisjé? Eg meiner det er naudsynt at vi i dag minner oss sjølve på: Kva er eigentleg substansen i det som blir kalla «Olavsarven»?

Dette kan sikkert utdjupast og supplerast, men her føreslår eg fylgjande:

Olav som nasjonal symbolfigur, som «rex perpetuus Norvegiæ». Dette er det lettast tilgjengelege, det som er mest brukt og lettast å lage klisjé av.

Olav som lovgjevar; innføringa av kristenretten. Det er det vanskeleg å snakke om når det blir for konkret. I forlenginga her ligg det som har å gjere med forminga av Noreg som eit statssamfunn, overvinninga av ættesamfunnet og ordninga av rettsstaten.

Olav som martyr, helgen, forbedar, apostel/kristningskonge. Dette er det mest problematiske for mange ikkjekatolikkar; her er det mykje fortrengjing og utanomsnakk.

Olavsarven er ein «pakke»; ein kan ikkje berre ta ut bitar og brokkar. Det er ein del føresetnader som må vere der, om arven skal vere funksjonell/operativ: 1) eit syn på Kyrkja som eit sjølvstendig samfunn, eit verkeleg og konkret samfunn; 2) ei positiv teologisk forståing av helgenen sin plass i Kyrkja og i det kristne livet; og 3) ei gjennomtenkt forståing av kva det vil seie å vere kristen i samfunnet no – å leve Olavsarven i dag.

1. Ekklesiologi

Den viktigaste føresetnaden er det ekklesiologiske; spørsmålet om kva Kyrkja er – og kva samfunn/stat/nasjon er. Det ligg føringar på dette i Olavsarven, for han impliserer eit syn både på Kyrkja og på staten.

Olav er fyrst og fremst ein katolsk kristen, ein kyrkjekristen. Det kristne kongedømet, den mellomalderske, katolske forståinga av kongen, låg til grunn for hans kall og var det han ville lansere. Det var Kyrkja som utforma og forvalta denne forståinga, ikkje utan konfrontasjon med andre tradisjonar der kongemakta eller den sekulære styremakta blei sett som ei heilt sjølvstendig ordning, om enn ordna av Gud. Kong Sverre representerte noko av dette – og det blei sjølvsagt fullt ut realisert i reformasjonen, i læra om dei to regimenta og nasjonalstaten under fyrsten. Heile den moderne lausrivinga av samfunnet frå Kyrkja må sjåast i dette perspektivet. Den kristne kongeideologien, eller det katolske synet på styrmakta, var å sjå kongen som messiasavbilete; ein av gudsfolket, ein fremjar av retten, ein vernar for dei svake, ein frigjerar av dei undertrykte. Og han står, som katolsk lekmann, under Kyrkja si ordinære undervising og hennar disiplin. Det heiter seg at Olav Kyrre gjorde dagleg teneste som akolytt i slottskapellet sitt i Bergen.

Samfunnet blei sett som eit kristent samfunn, ikkje som eit sekulært samfunn med plass for «kristne verdiar», men som eit uttrykk for communio sanctorum, samfunnet av dei heilage. Samfunnet blei sett i ljos av Kyrkja, ikkje omvendt. Som vi syng i fedrelandssalmen: «Lat folket som brøder saman bu som kristne det kan seg søma.»

Å gjere Olavsarven til ei samfunnskraft førutset eit syn på Kyrkja som eit sjølvstendig samfunn, eit verkeleg og konkret samfunn – ikkje berre som ein religiøs funksjon av den konfesjonelle staten, som i klassisk protestantisme – der er Kyrkje og samfunn også samanfallande, men det er staten som har primatet – ei heller som i eit sekulært samfunn med ei statskyrkje tilpassa sine formål. Også her er det staten som er primær, men han har ikkje lenger konfesjonelle forpliktingar.

Olavsarven førutset altså ein annan ekklesiologi, ei anna lære om Kyrkja og ein annan kyrkjelege røyndom (!) enn den vi finn i den stats- og folkekyrkjelege tenkjinga og retorikken i dag. Ligg ikkje dette til grunn, blir det kljisjé; ein del av den religiøse legitimeringa av A/S Norge i dag, eller litt kristent «stasj» på konstruksjonen.

2. Helgentrua

Å gjere Olavsarven til ei kraft førutset også at ein tek på alvor synet på kva ein helgen er. Ein teologi eller ei kristendomsforståing der ein ikkje kan snakke om at mennesket blir helga, kan ikkje forstå Olavsarven og kven Kyrkja reknar Olav for å vere.

For å forstå ein type som Olav, må ein også kvitte seg med den borgarleggjorte og viktorianske forståinga av det dydige/heilage livet. Helgenen er ikkje den prektige og plettfrie, men den omvende syndaren, det grove materialet, overgjeve i Guds hand. Tenk berre på David, profetane, Peter, Paulus, Maria Magdalena, tollmenn og syndarar – eller den lange lista med helgnar få den gamle pakta, der vi høyrer om Abraham som braut opp i tru, om Enok som vandra med Gud, om folk som heldt til i holer og hellerar, som var flyktningar og «outcasts», ja, til og med skjøkja Rahab er med blant dei kanoniserte (brevet til Hebrearane).

Vi må fornye medvitet om Olav som forbedaren som stadig kan påkallast. Også tanken om Olav som «rex perpetuus» førutset at han lever no, i Guds nærleik, i himlen, ja; at han har del i Kristi kongevelde – noko som i seg sjølv har med helgenomgrepet å gjere; den heilage er prest, profet og konge. Vi utøver dette no, i vårt jordiske kall, og ein gong i æva, saman med Kristus. Kong Olav forheld seg – for å seie det slik – til den norske nasjonen og til einskildmennesket som forbedar, som den som talar vår sak hos Gud – i Kristus. At vi er forbedarar for kvarandre, fortrengjer ikkje Kristus, slik ein ofte høyrer; tvert om, det er i Kristus vi bed for kvarandre, som lemer på hans lekam.

Viktig er også motivet med kongen som hevdar retten, kongen som stør den svake og tek deira sak. Men kanskje aller mest at Olav rett og slett er ein kristen bror som ved Guds nåde er brukt som Guds reidskap, ein som står oss nær i den historia, den kulturen og den livsopplevinga som er vår, og difor ein vi kan be om forbøn hos Gud.

Utan dette – skal vi seie «metafysiske», at Olav er ein levande person, ein vi har samfunn med – blir Olavsarven lett berre eit idéinnhald, ein ideologi, ikkje minst som ein nasjonal(-istisk) ideologi, ein del av «det norske». Vi skal huske at det Olav gjorde med Noreg, var å innlemme landet i ein universell samanheng, i den katolske/universelle Kyrkja, og med det inn i ei forståing av stat og samfunn som noko vidare enn det snevert nasjonale. Difor er Olav også ein helgen for andre enn nordmenn; tenk på hans popularitet i Sverige, i Danmark, i England. Under den katolske ungdomsvalfarten til Nidaros sist sommar var det afrikanske Emmauel, asylsøkjar med bupel på Nesna, som bar krossen i spissen av prosesjonen der vi gjekk syngjande ned frå Feginsbrekka og like inn i domen.

Olavsarven førutset altså ei positiv teologisk forståing av helgenen sin plass i Kyrkja og i det kristne livet.

3. Kristen i samfunnet no

Å gjere Olavsarven til ei kraft i dag førutset ei gjennomtenkt forståing av tilhøvet mellom Kyrkje og samfunn.

Det seier seg sjølv at vi ikkje kan forstå samfunnet som «kyrkje» i dag – like lite som vi kan forstå staten som ein konfesjonell stat (slik Grunnlova enno, formelt, gjer det jfr § 2: «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion ...»). Det nyttar ikkje å rekonstruere den mellomalderske, kristne einskapskulturen og einskapssamfunnet. Det nyttar heller ikkje å påtvinge det pluralistiske samfunn eit «kristent» verdigrunnlag. Olavsarven handlar, som sagt, ikkje om abstrakte «verdiar», men om konkrete livsformer, om levd liv i eit levande samfunn.

Olavsarven må primært levast og takast i mot i Kyrkja – som nettopp må vere eit samfunn, eit verkeleg samfunn. Saman med privatiseringa av religionen har vi fått eit svært abstrakt og inderleggjort syn på kva Kyrkja er. Det konkrete samfunnet har meir og meir blitt staten, og Kyrkja blir redusert til ein reint åndeleg fellesskap eller ein religiøs serviceinstitusjon. Dette gjeld ikkje berre statskyrkja; også katolikkar blir påverka av denne tankegangen. Men heilt frå den fyrste pinsedagen i Jerusalem har Kyrkja stått fram i verda som eit levande samfunn, ein kjærleikens fellesskap, med tru og lære, med hierarki, tenester og karismar, med eit sakramentalt og liturgisk liv, med diakoni og sosialt ansvar. Også rettsleg har Kyrkja hatt si sjølvstendige ordning.

Dei kristne og kyrkjelege verdiar som før var innarbeidde i den norske samfunnstradisjonen, må i dag ha si forankring i den kyrkjelege fellesskapen. Det er Kyrkja sine lemer som må forpliktast på – og som må leve ut – Olavs kristenrett i dag. Det har implikasjonar for menneskesynet. Vi må halde oppe vernet av det ufødte livet, vernet om det funksjonshemma, det «unyttige», det sjuke, det gamle livet. Vi må også vere med å oppretthalde forståinga av «det felles gode» – økonomisk og økologisk – i eit samfunn der reine eigeninteresser trugar samfunnssolidariteten. Vi må praktisere det vi står for.

Utover i det vidare samfunnet må vi delta som inspiratorar, som vitne, som vedkjennarar, som debattantar, som støttespelarar for alt som er godt og ære verd. På fritt grunnlag.

Stram opp retorikken og feiringa!

På grunnlag av analysane ovanfor ser vi at det er nødvendig å stramme opp retorikken og feiringa rundt Olavsarven.

Visst må breidda må vere der; kristendom er inkarnasjon, trusliv levd som sant menneskeleg liv i alle eksistensielle og sosiale dimensjonar. Difor høyrer både marknad og konsertar med – ja, alt høyrer med. Men alt må vere basert i ei fullødig kyrkjeleg feiring og markering: liturgi, bøn og feiring, men og undervising og forkynning av klasse. Dette er – nota bene – ein appell også til den katolske feiringa. Det er bra at Olavsofficiet er restituert, men også det folkelege kristne må ha sin plass, ikkje minst ved at vi får høyre solid forkynning til omvending og åndeleg fornying. Gløym ikkje at Olav var apostel; han ville omvende folket (jfr antifonen til 2. vesper for olsok).

Vi må våge å ta Olavsarven på alvor. Det historiske mangfaldet i feiringa – til dømes marknad, drakter og turneringar – må ikkje vere historiserande og estetiserande. Ein historiserande bruk av historia blir ofte eit skjold mot utfordringa som historia gir. Vi må unngå distanseringa «sånn var dei før, sånn er ikkje vi». Feiringa må ikkje vere så brei at alle kan vere med, utan å bry seg. Den må vere så tydeleg at alle kan sjå den – og bli prega av det – både som individ og nasjon.

Ein levande Olavsarv vil skape kultur og folkeliv no, stadig på nytt! Det kan han berre gjere som ein grunnleggjande og tydeleg kristen trusrealitet!

Bilde: Alterbilde fra Nidaros som viser Olavs død på Striklestad/Wikimedia Commons