Paven kjem ikkje til Storbrittannia i 2007

Primas i den anglikanske kyrkja, erkebiskop Rowan Williams av Canterbury, kjem allereie i år til å reise til Vatikanet for å vitje pave Benedikt XVI. Dette meldte kontoret til erkebiskopen på torsdag. Erkebiskopen uttalte at han såg fram til å treffe paven på ny. Erkebiskop Williams var til stades i Roma både under gravlegginga av Johannes Paul II og under den høgtidssame innsetjinga av den novarande paven.

Kunngjeringa av besøket kom på dagen 40 år etter at den anglikanske erkebiskopen Michael Ramsey trefte pave Paul VI i Vatikanet i 1966. Det fyrste møtet etter reformasjonen mellom leiaren av den anglikanske kyrkja og pavestolen fann stad i 1960, då den anglikanske erkebiskopen Geoffrey Fisher og pave Johannes XXIII trefte kvarandre. Etter dette har det vore fleire slike møter i Vatikanet.

På tirsdag vart den katolske bispekonferansen for England og Wales gjort kjent med at paven ikkje kjem til å reise til Storbritannia i 2007. Som forklaring på dette hadde Vatikanet oppgitt at pavens program for 2007 allereie var for fullt. Bispekonferansen hadde sendt paven ein offisiell invitasjon til å kome på vitjing til England og Wales i mars 2007.

Ei eventuell pavereise til Storbritannia ville i så fall berre ha vore den andre etter reformasjonen i 1537. Pave Johannes Paul II var den fyrste paven som reiste til Storbritannia etter reformasjonen då han vitja landet i 1982.

KAP, 23. mars 2006 (3. april 2006)

av Webmaster publisert 03.04.2006, sist endret 03.04.2006 - 11:32